![]() |
||
HALLINGFORSKDistriktsmedisinsk forskingssenterKvifor distriktsmedisinsk forsking ? Ei framtidsretta helseteneste krev eit betre kunnskapsgrunlag for eit balansert tenestetilbod der primærhelsetenesta er rett dimensjonert, stabil og heldt eit høgt fagleg nivå. Samhandling og oppgåvefordeling mellom dei ulike nivå er nøkkelfaktorar som og må få større merksemd i framtida. Les meir Skulderluksasjon i allmennpraksis Skulderluksasjon er ein hyppig skade i skikommunen Hemsedal. Ulykkestype, førbyggjande tiltak og skadeomfang er godt dokumentert i ein database ved Hemsedal legekontor som har vore i bruk ved Hemsedal legekontor gjennom mange år. I ein nyleg artikkel i Skandivanian Update Magazine beskriv kommunelege Harald Lystad sitt materiale og sine erfaringar. Les meir Geilokurset 2012: "Uforklarlige eller forklarlige plager i muskel-skjelettsystemet." Kurskomiteèn i Buskerud Legeforening arrangerer emnekurs for allmennleger. Kurset er på Highland hotell, Geilo 27.01.-28.01.12. Vi har overskrifter som er leddspesifikke og som får en tradisjonell medisinsk tilnærming. Og så har vi MUPS verdenen (MUPS står for medisinsk uforklarte plager og sykdommer). Her skal kursdeltakeren bli kjent med nye tilnærmingsmåter. Handouts fra kurset finner du her. Les meir Samarbeidsseminar Hallingdal-Alta 13. og 14. oktover 2011 Eit breidt samansett panel av helsepersonell var desse dagane samla på Ål for å diskutere rammevilkår og utviklingskisser for ei framtidsretta helsetjeneste. Ål og Alta bør halde fram som føregongsregionar og stake ut vegen mot betre samhandling, nye kommunale helsetenester og gode samarbeidsløysingar mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. Saman kan regionane og mobilisere dei fagressurser ein treng for å ha helsepolitisk tyngde og etablere forsking i distrikt. Les meir Hallingforsk til stades på 17. Nordiske Kongress i Allmennmedisin , Tromsø 14.-17. juni 2011. ”Caring for people where they are”. Under denne overskrifta møtes juni 2011 allmennlegar frå heile Norden til stor kongress i Tromsø. Kongressen er ei felles satsing mellom universiteta og Legeforeningen. Les meir Doktorgradsprosjekt ved Hallingforsk Prosjektet skal dokumentere verknader på medisinsk forløp,pleiebehov, livskvalitet og samfunnsøkonomi ved inneligjande behandling på eit lokalmedisinsk senter samanlikna med tadisjonell behandling på lokalsjukehus. Prosjektet vert gjennomført som doktorgradsprosjekt over ein fem- års periode og er finansiert av forskningsmidler i Helse Sør-Øst. Les meir |
Hallingforsk
Hallingforsk er eit distriktsmedisinsk forskingssenter for å fremje og gjennomføre allmennmedisinsk forsking i skjeringspunktet mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.
Våre samarbeidspartnerar
|
|
| Publisert med WideCMS 4 | ||